Om hausten bugnar hagane av friske, modne epler – gratis råvarer til herleg eplemost. I Lekvebakken på Voss samlar naboar seg rundt eplepressa ein dag i året. Resultatet vert betre enn nokon kjøpe-jus! Dette er ubehandla råsaft av epler som straks må frysast – eller drikkast innan nokre dager. Utan varmebehandling held jusen på smak og næringsstoff frå dei friske epla.
Om du har lyst å gjere det same i ditt nabolag – lån, leig eller spleis på ei fruktpresse og set av ein dag kvar haust. Sjå f.eks. om du kan finna ei billeg ei her http://www.finn.no/finn/torget/resultat?keyword=fruktpresse Spar opp tomflasker i forkant så du har noko å helle dei edle dråpane på.
Berekraftige liv handlar om å skapa nye haldningar for ei ny tid. Trass i riktige haldningar til miljø og forbruk manglar vi ofte handlingsalternativ. Temaet er overveldande, stort og til dels tyngande.
I møte med dette trur me ein effektiv medisin er meiningsfulle fellesskap med livsbegeistring, kreativitet og rein, skjær moro!
Berekraftige liv på Voss er inspirert av Bærekraftige liv på Landås og starta opp med stønad frå Hordaland Fylkeskommune.
Voss Hagelag inviterer til hagemøte onsdag 2. september...
Tid: Onsdag 8 April Kl 18:00–21:30 Stad: Voss Ungdomsskule,...
Kafémøte om naturmangfaldlova 18. februar Tid: 18....
M | T | O | T | F | L | S |
---|---|---|---|---|---|---|
1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 |
8 | 9 | 10 | 11 | 12 | 13 | 14 |
15 | 16 | 17 | 18 | 19 | 20 | 21 |
22 | 23 | 24 | 25 | 26 | 27 | 28 |
29 | 30 | 31 |